Aktivitetar

Flatabø ligg midt mellom Hardangerfjorden og Fonna Glacier Si Resort (Folgefonna sommarskisenter). Det er 15. minuttar med bil til sjøen, like langt til breen, du kan difor stå på ski på føremiddagen og ta eit bad i sjøen på ettermiddagen.

I området er det flotte tilhøve for ski- og fotturar sommar som vinter. I området rundt Flatabø er det gode tilhøve for barmarkstrening i tillegg til treningsøktene på Fonna.

Du kan fiske i fjellvatn og i fjorden. Det er høve til småviltjakt i sesongen.

Det er om sommaren også høve til å leige gymsal på Jondal skule. I Jondal er det og fotballbane, ballbinge og sandvolleyballbane.


Foto: Bård Svardal      Webdesign: BeWide Technologies