Kvar er vi

Flatabø ligg i Krossdalen i Jondal kommune på austsida av Hardangerfjorden. Garden ligg 15 min. frå Jondal sentrum på vegen opp mot Folgefonna.

Frå aust- og sørlandet kjem du enklast ved å køyre over Haukeli til Odda, og så til Jondal via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen.

Frå sørvestlandet køyrer du til Odda, og så til Jondal via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen.

Frå nordaust kan du kome over Hardangervidda, ferge frå Kinsarvik til Utne og så vidare til Jondal. I staden for å ta ferga kan du evt. køyre vidare til Odda, og så til Jondal via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen.

Frå nord kjem du til Norheimsund, vidare med ferge frå Tørvikbygd til Jondal.

Når du er komen til Jondal følgjer du skilt mot Folgefonna, etter ca 9 km ser du skilt til Flatabø.

Foto: Bård Svardal      Webdesign: BeWide Technologies